Arrangement

Sogn U40 vil skape sosiale møteplassar der nye relasjonar og samarbeid kan vekse. I løpet av året arrangerer me ei rekke kjekke, nyttige og lærerike arrangement rundt om i Sogn.

Me håpar å sjå deg på neste!

Hotellfrukost før Innovasjonsdagen Sogn
sep.
19.

Hotellfrukost før Innovasjonsdagen Sogn

Start dagen saman med Sogn U40 før Innovasjonsdagen Sogn!
Vi inviterer til ei god hotellfrukost på Quality Hotel Sogndal, torsdag 19. september.
Her får du ei uformell ramme for gode samtalar, nettverksbygging og ei lita opplading før resten av dagen tek til. Dette er ein fin møteplass for deg som vil treffe andre unge i næringslivet, dele idear og bli betre kjent før programmet på Innovasjonsdagen startar.

Stad: Quality Hotel Sogndal
Dato: Torsdag 19. september
Tid: morgon før Innovasjonsdagen Sogn

Vis arrangement →
Drinks og cocktail kurs
sep.
19.

Drinks og cocktail kurs

Sogn U40 inviterer deg til eit lærerikt og sosialt cocktail- og drinkkurs med Aguiar Bartending & Mixology!

Dette er ei unik moglegheit til å lære grunnleggande bartendingteknikkar, prøve deg bak bardisken og ikkje minst smake på tre ulike cocktailar du sjølv (og kurshaldaren) lagar.

I tillegg til kurset får du høyre litt om reisa til Victor Aguiar-- korleis han endte opp der han er i dag! Programmet varer til ca. 23.00.

Dato: 19. september, 2025
Tid: 19.30
Stad: Sogndal, eksakt lokasjon kjem me tilbake til
Aldersgrense: 20 år.

Vel møtt til ein kveld full av smak og god stemning! Håpar me ser deg der.

Beste helsing,
Styret i Sogn U40

Meld deg på arrangementet her!

Vis arrangement →
På tur i Sogn - Bedriftsbesøk Nav Øko
okt.
14.

På tur i Sogn - Bedriftsbesøk Nav Øko

Dato: mandag 14 okt 2025, 16:00 – 20:30.  

Oppmøte: Sogndal skysstasjon eller NAV Økonomiteneste på Leikanger 

Beskrivelse

Visste du at heile 1/3 av statsbudsjettet blir utbetalt frå Leikanger?! 

 

14. Oktober tek me turen til NAV Økonomiteneste (ØT)! Me får sjå korleis eit miljø på Leikanger byggjer kapasitet, rekrutterer, utviklar folk og leverer på eit nasjonalt oppdrag – frå fjordkanten. 

 

Først får me omvising i hjartet av ØT på Leikanger, der får me høyre litt om struktur og at dei er i ein omorganisering nett no. Deretter blir det fagleg program med velkomst og prat frå direktøren om leiarutvikling og leiarskap i NAV og på ØT. Me går inn i tillitsbasert leiing, psykologisk tryggleik, kompetanseleiing og omstilling. Etter ein kort pause med snacks og småprat får me innblikk i automatiseringa og bruken av robotar på ØT. 

 

Kanskje får me høyre kvifor ei såpass stor verksemd vart lagt til vesle Leikanger?

 

Praktisk informasjon: 
- Buss frå Sogndal klokka 16.00. 
- Det vert servert middag klokka 16.30. 
- Omvising 17.15-17.30. 
- Fagleg program frå 17.30-19.50. 
- Buss tilbake til Sogndal klokka 20.00. 

Vis arrangement →

Mjuk start - yoga og frukost
aug.
12.

Mjuk start - yoga og frukost

Sogn U40 inviterar medlemmane våre til ein mjuk og stressfri start på hausten med eit morgonarrangement. Me startar dagen på takhagen på ViteMeir med ein roleg yogatime med Trine Lavik. Timen passar for alle nivå-- enten du er nybegynner eller erfaren. Etterpå blir det servert ein deilig og sunn frukost med råvarer frå takhagen. Perfekt for å lade opp til ein ny arbeidsdag, møte andre medlem i nettverket og knytte nye kontaktar!

Begrensa tal plassar.

Meld deg på her, innan 11. august

Vis arrangement →
Sommarfest
juni
14.

Sommarfest

Sommarfest 2025

Der ingen skulle tro at nokon kunne… ha sommarfest! 🥳

Kvart år arrangerer Sogn U40 ein heidundrane sommarfest med masse nettverking, sosialt og moro. I år er me sikre på at det blir litt ekstra stas, om du tek hintet i tittelen

Hald av datoen laurdag 14. juni, for DETTE vil du ikkje gå glipp av!

Bli med på eit unikt og skreddarsydd opplegg med sjølvaste Benjamin Ward - nettopp på ein plass der ingen skulle tru at nokon kunne bu ...

Me ordnar det praktiske, alt du treng er å sette av dagen til det som me er ganske sikre på at blir eit av årets høgdepunkt!

Arrangementet er eksklusivt for medlemmar av Sogn U40.

> Meld deg på sommarfesten 2025 her!

 
Vis arrangement →
Hotellfrukost med U40 før Sognasmart
mai
21.

Hotellfrukost med U40 før Sognasmart

Sogn U40 inviterer til hotellfrukost på Quality Hotel Sogndal før Sognasmart 2025 går av stabelen.

Sognasmart blir kanskje årets viktigaste møteplass for næringsliv i regionen. Arrangementet handlar om korleis vi saman skal forme framtida, og er ein sentral arena for å styrke Sogn. Temaet er: «Kva er Sogn i dag, og korleis skal vi byggje Sogn 2.0?»

Me i Sogn U40 er ein del av Sognaklynga som arrangerer Sognasmart. Difor ser me ein perfekt anledning til å skjemme vekk medlemmane våre med ein deilig frukost. Me spanderer så klart frukosten på medlemmar av Sogn U40, og sjølve konferansen Sognasmart er gratis.

Meld deg på frukosten her Påmelding

Meld deg på Sognasmart her Billett - Sognasmart — Sognaklynga

Vis arrangement →
På tur i Sogn - Fotballkamp og foredrag med Sogndal Fotball
apr.
5.

På tur i Sogn - Fotballkamp og foredrag med Sogndal Fotball

Bli med Sogn U40 på kamp, pizza og gode fotballhistorier!

Laurdag 5. april inviterer vi deg som medlem i Sogn U40 til ein heilaften med fotball, fagleg påfyll og god stemning når Sogndal tek imot Ålesund på Fosshaugane Campus.

Vi startar med omvising i Skraol, der du får høyre korleis Campus har blitt eit kraftsenter for samarbeid mellom fotball, skule og næringsliv. Det blir servert pizza og sprudlebrus, og du får møte både dagleg leiar Gisle Olsen og trenarteamet – i tillegg til fotballprofil Håvard Flo, som kjem med historiar du neppe har høyrt før.

Arrangementet er eksklusivt for medlemmar i Sogn U40 – meld deg på i lenka under!

Program:

14.00
Oppmøte ved Skraol, omvising av Campus – korleis dei har knytt næring, fotball og skule saman, med suksesshistorier.

14.30
Mingling og sprudlebrus før mat

14.45
Pizza og sprudlebrus

15.15
Gisle Olsen fortel om si reise og strategi for åra framover

15.30
Trenarane Kjetil Rekdal og Louis Pigmenta kjem innom – anten i losjen eller i Skraol, avhengig av kor mange vi blir

16.00
Avspark Sogndal – Ålesund

16.45
Pause
Foredrag i losjen med Håvard Flo – spennande historiar om spelarar han har henta inn gjennom åra

17.00
Tilbake på tribuna for 2. omgang

17.45
Avslutning i losjen
Adrian Vigdal og Terje Teigen takkar for oppmøtet og ønskjer alle vel heim

Vis arrangement →
Pub med røvarhistoriar
mars
26.

Pub med røvarhistoriar

Vi inviterer til ein kveld der det viktigaste er godt lag, god drikke og gode historier. Hovudpersonen? Kjetil Hovland, grunderen bak Digital Etikett. Han har vore gjennom bade suksessar, utfordringar og sikkert nokre spektakulære tabbar, og no deler han alt (eller i alle fall det han tor) med oss.

Har du nokon gong lurt på korleis ein kan gå fra ein ide til a bygge ei bedrift som funkar som bare det i Gaupne? Eller kva som eigentleg skjer bak kulissane nar ein skapar noko nytt i Sogn? Vel, no har du sjansen til å få svaret – og kanskje nokre saftige røverhistoriar pa kjøpet!

Påmelding her Påmelding

Vis arrangement →
Julebord
nov.
29.

Julebord

Vi i Sogn U40 gler oss til årets store festkveld – julebordet 2024! Dette blir ein kveld full av god stemning, deilig mat og topp underhaldning. Vi skal feire året som har gått, og alt vi har fått til saman i næringslivet her i Sogn. Så no er det på tide å samlast, slappe av og kose seg i godt lag før julestresset set inn.

Vis arrangement →
Sommarfest
juni
8.

Sommarfest

Sola skinner, ciderboblene bruser, vi er unge og Sogn U40 er nok en gang klare for tidenes sommarfest! I år går turen til den naturskjønne perlen Haug Gard hos Odelsgut på Fimreite.

Vis arrangement →
Tohendigheit: Innovasjon og endringsleiing
apr.
11.

Tohendigheit: Innovasjon og endringsleiing

I samarbeid med Highsoft, Sognekraft og Sogn Næring har vi vore så heldige å få vere med å arrangere noko vi verkeleg gler oss til å høyre om, nemleg tohendigheit. Ja, du spør kanskje kva tohendigheit er? Tore Hillestad er forskar, forelesar og direktør på NHH Bergen og kjem til Vik for å snakke om feltet han har spesialisert seg i. I tillegg får vi innspel frå dagleg leiar i Highsoft Atle Sivertsen og konsernsjef i Sognekraft Terje Bakke Nævdal.

Vis arrangement →
Digitalisering og leiing
mars
7.

Digitalisering og leiing

7. mars tar vi turen til sjølvaste Digitaliseringshovudstaden og DigDir. Vi har gleda av å ha med oss sjølvaste direktør Frode Danielsen. Korleis er det mogleg å gå frå ventilasjonsrøyr til Digitaliseringsdirektør? Det vil Frode fortelje meir om!

Vis arrangement →