Tilbake til alle arrangementer

Vinsmaking og pub med røvarhistorier - Vol 2

Vinsmaking og røvarhistorier på Leikanger

Bli med på ein smakfull ettermiddag på Leikanger! Jon Husabø fortel om korleis vineventyret til Husabø Vingard starta Undervegs får me smake på tre ulike vinar frå vingarden. Me får også høyre om om næringslivet på Leikanger, frå Joar Werner Vangsnes, leiar i Opplev Leikanger. Han er ein mann med mange hattar på, og me ser fram til nokre røvarhistoriar han har på lur.

Ved godt vêr held me heile arrangementet ute på bøen. Skulle vêrgudane vere mindre samarbeidsvillige, flyttar me vinsmakinga inn på Leikanger Fjordhotell og tek ein tur ut på druebøen etterpå.

Praktisk informasjon

📍 Leikanger. Leikanger Fjordhotel/Druebøen
🚌 Oppmøte: Sogndal skysstasjon kl. 16.30 (for felles avreise)
🍇 Oppstart på Leikanger: kl. 17.00
🚌 Avreise med buss frå Leikanger: kl. 20.00
🍷 Inkludert: Smaking av tre vinar + litt å ete på

Ønskjer du alkoholfritt? Då kan du få servert éin alkoholfri vin og to lokale variantar av jus.

Det er eit begrensa tal plassar på dette arrangementet, so meld deg på før det blir fult!

Forrige
Forrige
18. september

Hotellfrukost før Innovasjonsdagen Sogn

Neste
Neste
19. november

TBA