Bedriftsbesøk på Rockethouse 🚀
Har du vore nysgjerrig på kva som skjer inne på Rockethouse, og kva bedriftene der eigentleg jobbar med? No får du sjansen til å bli med inn!
Me startar kvelden med ein kort rundtur på bygget, der du får bli betre kjent med miljøet og nokre av bedriftene som held til på Rockethouse. Deretter får me høyre frå Rocketfarm og Highsoft, og meir om kva dei jobbar med.
Så er det dykkar tur til å vere kreative! Begge bedriftene på Rockethouse gir ei open utfordring som de skal løyse i grupper. De får rundt 45 minutt til å diskutere, brainstorme og finne fram til ei god løysing, med moglegheit til å stille spørsmål og sparre med bedriftene undervegs. Du treng ingen forkunnskapar, berre ha lyst til å vere kreativ, finne gode idear og samarbeide med andre - og ja, heilt sikkert lære noko nytt!
Etterpå blir det pizza, drikke og tid til å bli betre kjent. Til slutt kårar me kveldens beste løysing, såklart med premie til vinnarlaget!
📍 Rockethouse
🕕 17. sept. kl. 18.00 - vi runder av ca. 20.30
🍕 Pizza og drikke er inkludert
🏆 Premie til vinnarlaget
💻 Ta med PC
Bli med på ein sosial og annleis kveld, bli kjent med spennande bedrifter i Sogndal og sjå kva som eigentleg skjer på Rockethouse!