Velkommen til eit nytt år i Sogn U40! Me startar året med årsgilde og pizzakurs. Har du ein draum om å lage den perfekte pizzaen heilt frå botnen, er dette kvelden for deg. Me er svært glade for å ha fått med oss gjengen bak Pizza med forbehold, to engasjerte hobbykokkar som verkeleg har fordjupa seg i pizzakunsten. Dei har nørda på alt frå deig og fermentering til fyll, pizzasaus, temperatur og steiking, og deler raust av både kunnskap og erfaring.
Pizza med forbehold hadde sin første pop up pizzakveld i Sogndal i haust, med strålande respons. No har dei lyst å gjere det igjen, denne gongen i samarbeid med Sogn U40. Det blir sjølvsagt rikeleg med smaksprøver av nydeleg pizza gjennom kvelden. Arrangementet blir halde hos Villmark i Leikanger, som har eigen pizzaomn der all pizzaen blir laga på staden.
Me startar kvelden med ei kort og uformell gjennomgang av året som har vore, litt om planane for året som kjem, samt ei rask orientering om rekneskapstal. Deretter gir me ordet vidare til Pizza med forbehold, som tek oss med på pizzakurs med både fagleg påfyll og gode smaksprøver.
Dei er sjølvlærde og kallar seg berre hobbykokkar, men det er det ingen som skulle tru når ein først har smakt pizzaen deira.