Tilbake til alle arrangementer

Drinks og cocktail kurs

Sogn U40 inviterer deg til eit lærerikt og sosialt cocktail- og drinkkurs med Aguiar Bartending & Mixology!

Dette er ei unik moglegheit til å lære grunnleggande bartendingteknikkar, prøve deg bak bardisken og ikkje minst smake på tre ulike cocktailar du sjølv (og kurshaldaren) lagar.

I tillegg til kurset får du høyre litt om reisa til Victor Aguiar-- korleis han endte opp der han er i dag! Programmet varer til ca. 23.00.

Dato: 19. september, 2025
Tid: 19.30
Stad: Sogndal, eksakt lokasjon kjem me tilbake til
Aldersgrense: 20 år.

Vel møtt til ein kveld full av smak og god stemning! Håpar me ser deg der.

Beste helsing,
Styret i Sogn U40

Meld deg på arrangementet her!

Forrige
Forrige
19. september

Hotellfrukost før Innovasjonsdagen Sogn

Neste
Neste
14. oktober

På tur i Sogn - Bedriftsbesøk Nav Øko