🎄 Julebord i fjøsen som ikkje eingong Gjest Baardsen ville rømt frå! 🎅
Bli med på det legendariske julebordet til Sogn U40, der heile nettverket samlast til ein kveld fylt med god mat, latter og topp stemning!
Laurdag 15. november 2025 inviterer me til Bremerfjøsen på Hafslo – eit unikt og sjarmerande lokale med ekte julestemning, tømmervegger, peis i smalahuset og ein heilt eigen silobar! Soga seier at sjølv Gjest Baardsen hadde det så godt her at han ikkje såg nokon grunn til å rømma.
Her får me heile staden for oss sjølve, og alt ligg til rette for ein uforgløymeleg kveld 🕯️🍷
Det blir julebuffet, velkomstdrink ved bålet, og kanskje får me smake på vår eigen U40-drink frå cocktailkurset tidlegare i år?
I tillegg vert det buss frå Sogndal (tur/retur), underhaldning, prisutdeling – og sjølvsagt dans utover kvelden 💃🕺
💡 Dato: Laurdag 15. november 2025
📍 Stad: Bremerfjøsen
🕓 Avreise: Buss frå Sogndal (meir info kjem)
🍽️ Inkludert: Julebuffet, velkomstdrink + 2 bonger
🎁 Program: Underhaldning, prisar, leikar, talar og dans
🔗 Meld deg på!
Og hugs – plassane forsvinn fort 🎄✨