Bedriftsbesøk på Nes Gard!
Onsdag 6. mai tek me turen til vakre Nes Gard i Luster, når våren er på sitt beste! Her får du oppleve ein av dei finaste perlene i Sogn medan det spirer og blomstrar, og temperaturen byrjar å bli skikkeleg god.
Me reiser med buss frå Sogndal kl. 16:30, med ein enkel matbit undervegs. Vel framme får me ei unik innføring i historia og utviklinga av Nes Gard frå eigar og drivar Anders Månum. Anders er, ifølgje LinkedIn, «8. generasjonspotet», og har vidareutvikla garden til ein moderne opplevingsdestinasjon.
Nes Gard tilbyr i dag alt frå guida fjellturar og workation-opphald til kurs og større satsingar som Basecamp Sognefjord. Her får me høyre om reisa frå tradisjonell gard til ein innovativ aktør innan reiseliv og opplevingar i Sogn.
Etter det faglege vil me roe ned på brygga med «afterhike»-stemning – utan fjelltur, men med badestamp og badstove. Kanskje nokon tek eit bad i fjorden? Ta med badekle!
Kl. 19:30 får me servert middag i naustet på brygga.
Alt ligg til rette for ein framifrå ettermiddag på ein nydeleg maidag på Nes Gard! Me er tilbake i Sogndal ca. kl. 22:00