Tilbake til alle arrangementer

Live Podcast med “Klart du kan”

  • Campus Sogndal Svingen 6856 (kart)

Velkomen til live podcast med “Klart du kan!” 🎙️

26. februar inviterer vi Sogn U40 til ei inspirerande og engasjerande live-innspeling av podcasten “Klart du kan!” i Sogndal.

Klart du kan! er podkasten for deg som vil ta meir styring over arbeidslivet ditt, anten du vurderer å starte noko eige, byggje synlegheit eller få meir ut av den jobben du allereie har. Podkasten blir leia av Karianne Hartviksen og Hege Janson Skogen, to tydelege stemmer innan karriere, entreprenørskap og nye måtar å forme arbeidslivet på.

Karianne Hartviksen er frilansar og forelesar i entreprenørskap på BI. Ho har sjølv skapt eigne karrieremoglegheiter ved å gå utanfor dei tradisjonelle rammene, og deler konkrete råd om korleis ein kan bruke nettverk, synlegheit og utradisjonelle metodar for å finne, eller skape, draumejobben. Mange kjenner ho også frå LinkedIn!

Hege Janson Skogen har sidan 2020 vore ein del av karrierepodkasten Godt nok for de svina. Ho brenn for korleis vi sjølve kan forme arbeidslivet vårt, og deler ope frå eigne erfaringar, både oppturar og krevjande karrieresvingar, som nedbemanning og ein brå avgang frå ei CEO-rolle. No er ho i gang med å etablere ein porteføljekarriere, der ho følgjer interessene sine tettare og lever av fleire inntektsstraumar. Hege har nyleg flytta til Luster, og det gjer denne kvelden ekstra aktuell og lokal.

Det blir enkel servering, og etter sjølve podcastinnspelinga opnar vi for spørsmål og samtale med vertane. Dette er ei flott moglegheit til å få fagleg påfyll, stille spørsmål og bli inspirert av nye perspektiv på arbeidsliv og karriere.

Sjåst me torsdag 26. februar kl. 18:00 på Campus Sogndal?

> Påmelding her

Høyr podcasten:

Forrige
Forrige
12. februar

Årsgilde med pizzakurs

Neste
Neste
26. mars

Pub med røvarhistorier - Vol 1