Fjelltur med Lustrafjorden Inn og besøk til Bøtun gård
Helga 14.-15. august brakar det laus med fjelløpet Lustrafjorden Inn, der deltakarane skal trasse anten 22 eller 104 (!) kilometer og fleire tusen høgdemeter i eit av verdas flottaste landskap.
Me i Sogn U40 er nok ikkje fullt så ambisiøse - men me inviterer til ein vakker fjelltur til Molden, eit av fjella som løpet går over. Me går opp i lag i vanleg og triveleg gåtempo, og heiar på deltakarane når dei kjem springande forbi. Sjå turbeskriving på ut.no her.
Etter fjellturen drar me saman til inspirerande Bøtun Gard, som blant anna blei kåra til Årets lokalmatgründer i 2024. Her vil det bli servert ein deilig lunsj, etterfulgt av ein omvisning av Mathilde og Martin som driver Bøtun.
Meir detaljer for dagen:
• Avreise frå Sogndal 09.30
• Me går samla frå Krossen ca. kl 10. 00
• Me har med litt snacks til ein pause på toppen av Molden. Ta med det du treng av mat/drikke sjølve til turen.
• Lunsj og omvisning på Bøtun gard i 14.00 tiden
• Ankomst i Sogndal ca kl. 17.00