Tilbake til alle arrangementer

Hotelfrukost før Sognasmart 2026

  • Sogn U40 Quality Hotell Sogndal 6856 Sogndal Norway (kart)

Sogn U40 inviterer til hotellfrukost på Quality Hotel Sogndal før konferansen Sognasmart 2026 går av stabelen.

Sognasmart er ein arena for næringsliv, offentlig sektor og utdanning - og for deg som vil noko med Sogn. Konferansen er delt inn i to, kor første del tek for seg "Når verda treff Sogn - og Sogn svarar", medan del to handlar om "Sognaeffekten i arbeid". Meir informasjon og program på sognaklynga.no

Me i Sogn U40 heiar på initiativet og veit at mange av medlemmane våre skal delta på arrangementet. Difor ser me ein perfekt anledning til å skjemme bort medlemmane våre med ein deilig hotellfrukost (buffé). Me har reservert bord sånn at me får sitte saman, så dette blir kjekt, sosialt og smakfullt!

Me spandere sjølvsagt frukosten på våre medlemmer, og sjølve Sognasmart er gratis. Men hugs at du må melde deg på begge deler!

> Meld deg på U40 hotellfrukost her (påmeldingsfrist måndag 18. mai)

> Meld deg på Sognasmart på Sognaklynga.no

Forrige
Forrige
6. mai

Bedriftsbesøk på Nes Gard!

Neste
Neste
13. juni

Sommarfest 2026 – Sider frå Sogn: historia bak suksessen