Styret i Sogn U40

  • Heidi Breili Bøthun (Leiar)

    Leiar for sal og marknad, ViteMeir

    Heidi er frå Sogndal, og etter litt fram og tilbake endte ho opp på Kaupanger. Gift med Stig og har 2 born. Utdanna lærar, og kapra draumejobben på ViteMeir. Heidi er sikker på at me som skal forme framtida til Sogn har stor nytte og glede av eit slikt nettverk.

  • Henrik Skyttermoen (Nestleiar)

    Rådgjevar, Sogn Næring

    Henrik er fødd og oppvaksen i Lillehammer. Etter fem år i Sogndal har han gått over til å bli fulltids vestlending med manglande dialekt. Han har bakgrunn frå reiselivet, både innan jobb og studium, og ein mastergrad innan innovasjon og marknadsføring. Henrik er også ein av de mange skiglade tilfyttarene i bygda, og for han finnes det ingen ting bedre enn å stå på ski. Til daglig jobbar Henrik som rådgivar i Sogn Næring.

  • Andrea Lomheim (Økonomiansvarleg)

    Administrasjonssjef, Sygnir

    Andrea er busett i Sogndal. Ho er utdanna siviløkonom frå NHH og er i dag tilsett hjå Sygnir som administrasjonssjef. Har erfaring innan revisjonsbransjen og som økonomisjef og prosjektleiar hjå Avery Dennison NTP. Andrea er interessert i å bidra til at dei unge i Sogn får moglegheita til å vere med og forme framtida i regionen!

  • Hilde Instefjord

    Personvernrådgjevar, Vestland Fylkeskommune

    Hilde er frå Leikanger og har ein bachelor i marknadsføring frå BI og ein master of business frå Univerity of Technology Sydney. Då GDPR kom å øydela all moroa med marknadsføring bytta ho lag, og jobbar no med personvern istaden. 
    Etter å ha jobba mange år i privat sektor har ho, som systrendingar flest, havna i offentleg sektor, nærare bestemt Vestland fylkeskommune.

  • Henrik Holmberg

    Head of Business Development, Highsoft

    Henrik bur i Vik i Sogn og er far til Peter. Han er tidlegare friidrettsutøvar for Vik IL og jobbar no fulltid i Highsoft og er fotballspelar på si. Har bachelor i Historie frå Høgskulen Vestland, Bachelor of Arts frå Augustana University (USA) og er siviløkonom frå NHH. Han gler seg til å bidra med engasjement frå sørsida av Sognefjorden, og ser fram til å bygge vidare på den viktige jobben Sogn U40 har gjort til no!

  • Kristin Myhra Sæterdal

    Assisterande instituttleiar, Høgskulen på Vestlandet

    Kristin er bergenser, men har landa i Sogndal saman med familien. Ho er utdanna fysikar frå Universitetet i Oslo og leder ein fagseksjonen ved HVL som mellom anna jobbar med korleis vi som samfunn kan utnytte naturressursar til produksjon av fornybar energi på best mogleg måte. Kristin er spesielt oppteken av å tilrettelegge for kunnskapsdeling og faglege samarbeid i regionen, og har gjennom jobben ved Høgskulen fått lov til å representere kunnskapsmiljøet ved HVL i etableringa av vitensenteret ViteMeir.

  • Trine Smukkestad Lavik

    EU-rådgiver, NCP for EIC Horisont Europa

    Trine vaks opp i Bærum, men det var i Sogn ho fann sin plass. Ho er utdanna jurist frå UiB og jobbar i dag som EU-rådgivar i Innovasjon Norge i Sogndal. Tidlegare har ho jobba med fornybar energi i NVE og Eksportsenteret i Innovasjon Norge. Kjærleiken til fjell, ski og friluftsliv førte henne til Sogn, der ho kombinerer ein spennande jobb med eit aktivt liv i naturen. Trine meiner Sogn har eit unikt og inkluderande miljø for unge, ambisiøse folk som vil skape noko – både i næringslivet og i eigen kvardag.

  • Ingvild Helle Hagen

    Digital marknadsførar, Gasta design og kommunikasjon

    Ingvild kjem frå Bergen og har bakgrunn innan medievitskap og samfunnskommunikasjon. Etter fleire år i Kristiansand, der ho spesialiserte seg på digital marknadsføring, har ho no slått rot i Sogn. Ho trivst best med mange ballar i lufta, og ønsker å bidra i Sogn U40 for å skape nettverk og aktivitet i sogneregionen.

  • Adrian Vigdal

    Adrian Vigdal

    Utviklar, Statsforvalterens fellestjenester

    Adrian kjem frå Gaupne og jobbar i dag som utviklar i Statsforvaltarens fellestenester. Med ei sterk interesse for teknologi og digitalisering brenn han for å utvikle smarte løysingar som gjer kvardagen enklare. Adrian ser store moglegheiter for vekst og utvikling i Sogn og meiner at tilgang til kompetanse, nettverk og innovasjon er avgjerande for å styrke regionen vidare.

  • Vegard Hofslundsengen

    Vegard Hofslundsengen

    Prosjektleiar, AH Bygg

    Vegard kjem frå Sogndalsfjøra og jobbar som prosjektleiar i Andersen og Hofslundsengen Bygg AS. Med bakgrunn i byggebransjen er han opptatt av utvikling og verdiskaping i regionen, både gjennom gode byggeprosjekt og eit sterkt næringsmiljø. Vegard ser moglegheiter i Sogn og engasjerer seg for at fleire unge skal kunne skape og utvikle karrierar her.

  • Elise Hjelleflat Barsnes

    Elise Hjelleflat Barsnes

    Kontorleiar, Sogndal Folkehøgskule

    Elise er oppvokst i Sogndal, er gift med Jon Arve, og saman har dei tre barn. Ho har fagbrev som resepsjonist og ein bachelorgrad i marknadsføring frå BI. I løpet av studietida budde ho både i Oslo og Bergen, men i slutten av 2014 flytta ho tilbake til heimbygda Sogndal. No set ho stor pris på å bu i eit såkalla "5-minutts samfunn," der det meste er innan kort rekkevidde. Elise er engasjert i å løfte fram dei unge i lokalsamfunnet og meiner at arbeidet Sogn U40 gjer er særs viktig for framtida til regionen.

  • Vilde Veum

    Politibetjent

Vil du bli ein del av Sogn U40?

Tidlegare styre

2024