Etter fjorårets suksess inviterer vi igjen til Pub med røvarhistorier!
Dette er ein uformell kveld i godt lag, der vi får høyre inspirerande og artige historier frå folk som har fått til noko kult i Sogn. Denne gongen frå Tom Dyrdal og Kjetil Russenes.
Tom Dyrdal har lang erfaring som leiar. Gjennom 15 år i Avery Dennison NTP i Gaupne var han med på å utvikle bedrifta frå rundt 70 til 200 tilsette og til å bli ei hjørnesteinsbedrift i Luster. I dag er han konserndirektør i Sognekraft, og deler erfaringar frå både suksessar, utfordringar og kanskje nokre tabbar på vegen.
Kjetil Russenes kjenner nok mange som mannen bak Sognefjord Kaffibrenneri og Det gule huset i Sogndal sentrum. Med mange prosjekt og idear bak seg har han eit sterkt driv for å skape og utvikle ting, og vi gler oss til å høyre meir om kor denne mentaliteten kjem i frå og kanskje nokre spennande ting som har skjedd på vegen.
Det blir servert ostefat og noko godt i glaset. Baren er open for dei som ønskjer meir utover dette.
Velkommen til ein inspirerande, sosial og triveleg kveld på Det gule huset i Sogndal. Kanskje går du heim med både nye idear og ei god historie eller to.
Lokasjon: Det gule huset, Sogndal
Tidspunkt: 19.00
Arrangementet er eksklusivt for medlem av Sogn U40 og krev påmelding.