Leiarforum 2026:
Leiarskap for regional utvikling
Påmeldinga til Leiarforumet 2026 er avslutta.
Som deltakar finn du no fult program på denne sida.
Gjengen frå Leiarforum 2025.
Leiarforumet 2026 er no i gang!
God regional utvikling skjer ikkje fordi éin leiar har ein god idé, eller fordi éi bedrift satsar stort. Det skjer når mange personar, verksemder og initiativ dreg i same retning.
Er det mogleg å vere ein god leiar i eiga verksemd og samstundes bidra til at regionen utviklar seg i ei felles retning? Korleis får me til det? Me trur det skjer mykje bra når leiarar i regionen møtest og lærer av kvarandre.
Gjennom felles læring og gode samtalar kan me utforske kva Sogn 2.0 skal vere.
For å bli Sogn 2.0 treng me leiing, og me treng leiarar. Hausten 2026 inviterer SognU40 til leiarforum med fokus på leiing i og for Sogn. Du får høyre inspirerande døme på god leiing i ulike organisasjonar, og ikkje minst lære korleis me kan jobbe meir saman her i Sogn. Dette gir deg nyttig innsikt i innovasjonsleiing, med ein smak av Sogn.
Forumet er basert på forsking om leiing for regional utvikling, og me møter leiarar som har fått til samarbeid på tvers av næringar og bygder i Sogn. Nokon har bygd næring på lokale ressursar, andre har lukkast med nye satsingar som ikkje nødvendigvis har røter her.
Det som er felles, er at dei treng kvarandre for å skape og gripe moglegheiter. Difor handlar ikkje dette forumet berre om å lære – men om å skape Sogn 2.0. saman.
Årets program
Gjennom tre samlingar skal me utforske korleis leiarar kan leggje til rette for innovasjon, utvikle og realisere nye idear som skaper vekst. Vidare rettar me merksemda mot leiing, sjølvinnsikt og samspel, før me på siste samling avsluttar med menneska i sentrum. Leiarforumet blir avslutta med felles avslutning på Sognafest 2027, der alle kursdeltakarane som fullfører får gratis billett!
På samlingane får du møte leiarar som har fått til samarbeid på tvers av næringar og bygder i Sogn. Ein unik sjanse til å møte dei i ei personleg setting, lære av dei og diskutere med dei. Meir informasjon om foredragshaldarane finn du under programmet.
Samling 1: Innovasjon og vekst
Dato: 30. september 2026
Stad: HVL, Sogndal
Tid: 17.00–20.30
Foredragshaldarar:
Jarle Bastesen – Førsteamanuensis ved Høyskolen Kristiania
Martin F. Stølen – Gründer og seniorforskar/førsteamanuensis frå Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet
Roger Ulvestad – Innovation Lead i Highsoft
Samling 2: Leiing, sjølvinnsikt og samspel
Dato: 18. november 2026
Stad: Fylkeshuset, Leikanger
Tid: 17.30–20.30
Foredragshaldarar:
Leif Longvanes – Førstelektor ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta fag ved Høgskulen i Volda
Harald Mundal – Fruktbonde med erfaring frå leiing, næringsutvikling og førelesning
Samling 3: Menneske, moglegheitar og felles retning
Dato: 12. januar 2027
Stad: Lerum, Kaupanger
Tid: 17.30–20.30
Foredragshaldar:
Trine Lerum Hjellhaug – Administrerande direktør i Lerum
Avslutning: Sognafest, januar 2027
Sognaklynga spanderer billett til Sognafest 2027 for alle som fullfører leiarforumet!
Årets innleiarar
Årets leiarforum er støtta av Sogn Sparebank
Sjå korleis det var på leiarforumet i fjor:
> Første samling i Leiarforum 2025 gjennomført i Vik
Påmeldinga er no fullteikna! ✅
Spørsmål? Ta kontakt på post@sognu40.no