Tilbake til alle arrangementer

På tur i Sogn - Bedriftsbesøk Nav Øko

  • NAV Økonomiteneste 56 Sognefjordvegen Leikanger, Vestland, 6863 Norway (kart)

Dato: mandag 14 okt 2025, 16:00 – 20:30.  

Oppmøte: Sogndal skysstasjon eller NAV Økonomiteneste på Leikanger 

Beskrivelse

Visste du at heile 1/3 av statsbudsjettet blir utbetalt frå Leikanger?! 

 

14. Oktober tek me turen til NAV Økonomiteneste (ØT)! Me får sjå korleis eit miljø på Leikanger byggjer kapasitet, rekrutterer, utviklar folk og leverer på eit nasjonalt oppdrag – frå fjordkanten. 

 

Først får me omvising i hjartet av ØT på Leikanger, der får me høyre litt om struktur og at dei er i ein omorganisering nett no. Deretter blir det fagleg program med velkomst og prat frå direktøren om leiarutvikling og leiarskap i NAV og på ØT. Me går inn i tillitsbasert leiing, psykologisk tryggleik, kompetanseleiing og omstilling. Etter ein kort pause med snacks og småprat får me innblikk i automatiseringa og bruken av robotar på ØT. 

 

Kanskje får me høyre kvifor ei såpass stor verksemd vart lagt til vesle Leikanger?

 

Praktisk informasjon: 
- Buss frå Sogndal klokka 16.00. 
- Det vert servert middag klokka 16.30. 
- Omvising 17.15-17.30. 
- Fagleg program frå 17.30-19.50. 
- Buss tilbake til Sogndal klokka 20.00. 

Forrige
Forrige
19. september

Drinks og cocktail kurs

Neste
Neste
15. november

Julebord