Tilbake til alle arrangementer

Mjuk start på hausten - Yoga og frukost

Sogn U40 inviterar medlemmane våre til ein mjuk og stressfri start på hausten med eit morgonarrangement onsdag 9. septemberQuality Hotel Sogndal.

Me startar dagen med ein roleg yogatime med Trine Smukkestad Lavik. Timen passar for alle nivå, anten du er nybegynner eller erfaren. Det er mattar til alle. Ta med varme klede til avspenningsdelen på slutten.

Etterpå et vi frukost saman frå den gode frukostbuffeen på hotellet. Det perfekte arrangementet for å lade opp til ein ny haust, få ein god start på dagen og møte andre medlem i nettverket.

  • Dørene opnar kl. 07.20

  • Yogatimen startar kl. 07.30.

  • Vi avsluttar timen rundt kl. 08.15, før vi går og et frukost saman. Du reiser vidare når det passar deg.

(Begrensa tal plassar)

NB: Ver merksam på at datoen for arrangementet er endra frå det som tidlegare vart publisert. Ny dato er onsdag 9. september.

Forrige
Forrige
15. august

Fjelltur med Lustrafjorden Inn og besøk til Bøtun gård

Neste
Neste
17. september

Bedriftsbesøk Rockethouse