Sommarfest 2026! Sider frå Sogn: historia bak suksessen 🍎☀️
Yes! 😍 Sol, sommar, noko godt i glaset, kjekke folk og god stemning - dette her du vil få med deg!
Saman med julebordet er sommarfesten eitt av dei to store høgdepunkta gjennom året i Sogn U40, og eit arrangement mange av medlemmane prioriterer kvart år.
Me set av laurdagen og tek båt frå Sogndal til idylliske Ølmheim Siderhage. Her ventar ein dag med både fagleg påfyll og skikkeleg sommarstemning saman med kjekke folk i vakre omgjevnadar.
Temaet for dagen er «Sider frå Sogn: historia bak suksessen».
Korleis gjekk ein lokal tradisjon frå hobby til eit av dei sterkaste varemerka i regionen? Du får møte folk som har fått det til, høyre historia bak og sjølvsagt smake på både lokal sider og nydeleg mat. I tillegg er baren open for dei som ønskjer noko anna i glaset.
Mellombels tidsplan (med atterhald om endringar):
14:55: Oppmøte Sogndal kai
15.00: Avreise med FjordX-båten: Matservering, moglegheit for å kjøpe drikke og rundtur på fjorden.
16.30: Ankomst Ølmheim Siderhage med ein liten gåtur opp til garden der me får aperitiff, kort omvisning og historieforteljing frå gardseigarane
17.00: Sidersmaking
18.30-19.00: Åge Eitungjerdet kjem og pratar om "Sider frå Sogn", og korleis Balholm no jobbar med gjenvinning og “Ta heile eplet i bruk”
19.00: Middag. Deileg pizza laga med lokale råvarer og ulike toppingar!
20:30: Mingling, kviss, hageleikar og sommarfeststemning
23.30: Buss heim til Sogndal med ankomst ca. midnatt
Sommarfesten markerer óg avslutninga på første halvdel av U40-året, før me tek ein pause og møtest igjen etter sommaren, klare for ein ny haust. Arrangementet er eksklusivt for medlemmar i Sogn U40.
> Meld deg på sommarfesten her!
Foto: Ølmheim Siderhage