 
        
        
      
    
    Nettverket for unge vaksne i Sogn
Sogn U40 er eit nettverk av målretta unge som vil vere med å skape framtida i regionen. Vi skal bidra til og leggje til rette for utvikling, og skape sosiale møteplassar der nye relasjonar og samarbeid kan vekse.
Julebordskampanje:
Melder du deg inn for året 2026 no, får du både vere med på julebordet 15. november 2025 i tillegg til alle arrangement i 2026.
Medlemskap + julebord kr 1250,-
(ordinært medlemskap kr 950,-)
Høgt aktivitetsnivå og godt fagleg innhald
Med eit høgt aktivitetsnivå og godt fagleg innhald skal Sogn U40 auka kunnskapen og kompetansen til dei under 40 år i næringslivet.
Sogn U40 skal på faste møteplassar skapa tverrfagleg idémyldring og inspirasjon, samstundes auka relasjonsbygginga mellom «ung og fersk» og «erfaren» i næringslivet.
Medlemane i Sogn U40 skal ha ein mentalitet bygd på å snakka fram kvarandre for å sikra kontinuerleg tilførsel av nye leiarar og andre kapasitetar til det lokale næringslivet.
 
                         
            
              
            
            
          
               
  
  
    
    
      
       
  
  
    
    
     
  
  
    
    
     
  
  
    
    
     
  
  
    
    
     
            
              
            
            
          
              