It’s a wrap! Leiarforum 2025 er fullført

Tredje og siste samling blei gjennomført saman med Trine Lerum Hjellhaug i Lerum som delte sine erfaringar frå å bygge bedriftskultur.

Onsdag 14. januar 2026 blei siste samling i "Leiarforum: Leiarskap for regional utvikling" gjennomført saman med Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør i Lerum.

Trine har mykje god erfaring å dele frå, og viste oss korleis ein leiar kan inspirere, involvere og skape retning i fellesskap med dei tilsette. Systematisk arbeid med involvering gir resultat, og kan forme ei verksemd der folk har lyst til å bidra.

Temaet spelar godt i lag med dei to førre samlingane i forumet: Korleis kan innovasjon skape endring i etablerte verksemder? Og korleis kan ein leggje til rette for framtidstenking og utviklingsprosjekt i regionen?

Me i Sogn U40 trur det skjer mykje bra når flinke folk i regionen møtest og lærer av kvarandre. Me er stolte av å ha samla deltakarar frå mange ulike bransjar, og håpar me har klart å skape ein arena der deltakarane får utvida nettverket sitt og etablert ein god grunnmur for samarbeid på tvers av næring og i regionen.

No gler me oss til deltakarane skal samlast på Sognafest for ei skikkeleg avslutning!

Takk til deltakarane som ville vere med, til alle som har bidrege i form av innlegg og opplegg, og til Sogn Sparebank for støtte til leiarforumet. Utruleg kjekt at forumet blei ein så stor suksess!

Forrige
Forrige

Samla nettverket på Sognafest 2026

Neste
Neste

Takk for eit fantastisk julebord!