Samla nettverket på Sognafest 2026

Sogn U40 deltok med to bord under den store festkvelden på Sognafest 30. januar.

Kvelden vart ei sosial og minnerik markering, med god stemning og høgt engasjement blant medlemmane. Arrangementet gav ei fin ramme for å samle unge, ambisiøse deltakarar og feire alle dei flotte og flinke folka me har i regionen.

Festkvelden baud på prisutdelingar og heider av dyktige aktørar i Sogn. Eit av dei store høgdepunkta var då det blei ståande applaus for «Sider frå Sogn» som har fått eige vern på nivå med Champagne og Bordeau!

Me gjorde eit tappert forsøk på å samle heile Sogn U40-gjengen til fotografering - for ein gjeng 🤩

No er det berre til å glede seg til dei neste to arrangementa som står på planen:

  • Årsgilde med pizzakurs / 12. februar 2026

  • Live Podcast med “Klart du kan!” / 26. februar 2026

Sjåast me der?

Me gjorde eit tappert forsøk på å samle dei som var tilstades frå Sogn U40.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Ein kveld med planar, påfyll og pizza

Neste
Neste

It’s a wrap! Leiarforum 2025 er fullført