Takk for eit fantastisk julebord!
Ei stemningsfull avslutning på eit godt år for Sogn U40.
Laurdag 15. november samla Sogn U40 heile nettverket til julebord i stemningsfulle Bremerfjøsen på Hafslo.
Lokalet leverte akkurat den førjulsstemninga me hadde håpa på, med tømmervegger, varme frå peisen og den karakteristiske silobaren som sette tonen for kvelden. Sjølv Gjest Baardsen ville nok hatt vanskar med å rømma frå eit slikt lag!
Me starta kvelden ved bålet med velkomstdrink før julebuffeten vart servert, og stemninga steig raskt. Det vart både underhaldning, prisutdeling, leikar og gode talar.
Tusen takk til alle som møtte opp, bidrog til god stemning og gjorde dette til ein fest me seint vil gløyma!
Blinkskudd frå kvelden:
(Klikk på bilda for stor visning)