Ein kveld med planar, påfyll og pizza
Nettverket samla seg til årsgilde og pizzakurs på Leikanger. Ein utruleg kjekk start på eit nytt år i Sogn U40!
Torsdag 12. februar samla Sogn U40-medlemma seg til eit inspirerande og smakfullt årsgilde hos Villmark på Leikanger. Fokus for kvelden var å samle trådane for året som gjekk, og markere starten på eit nytt år i nettverket.
Årsmøte og val av nye styremedlem
Arrangementet blei opna med ei kort og uformell gjennomgang av året som har vore, frå leiar Heidi Breili Bøthun. Ho presenterte óg litt om planane framover og gikk gjennom dei nødvendige tala.
Ein del av styret er ferdige med styreverva for denne gong, og dei ble takka av som seg hør og bør. Det blei óg valt inn nye styremedlemmar, og Adrian Vigdal blei valt til ny leiar. Meir om dette kjem seinare!
Det var kjekt å sjå det gode oppmøtet og engasjementet blant dei som deltok - me fikk nok ein gong stadfesta at Sogn U40 er ein viktig møteplass for unge i regionen.
Pizzakurs med nydelege smakar
Etter årsgildet var det klart for det som nok var høgdepunktet: pizzakurs! Det blei heldt av dei entusiastiske hobbykokkane bak Pizza med forbehold.
Dei tok oss med inn i pizzaverda; frå deig og fermentering til saus, fyll, temperatur og steiking. Deltakarane fekk lage sin eigen pizza, sjølvsagt stekt i ein skikkeleg utandørs pizzaomn hos Villmark.
Pizza med forbehold imponerte stort! Sjølv om dei kallar seg hobbykokkar, er det liten tvil om at dei har satt seg skikkeleg inn i pizzakunsten. Det blei nydeleg!
Takk til alle som møtte opp og bidrog til ein sosial, lærerik og særs vellukka kveld. Me gler oss til eit nytt og spennande år i Sogn U40!