Fekk nye perspektiv på andre samling i Leiarforum 2025
Faglege innlegg, diskusjonar og praktiske øvingar ga nye perspektiv på korleis me kan arbeide strategisk og langsiktig for utvikling i Sogn.
Første og andre samling i programmet «Leiarforum 2025: Leiarskap for regional utvikling» er no gjennomført. Initiativet fortset å vise kor viktig det er å samle kunnskapsrike og engasjerte leiarar frå heile regionen.
Gjennom faglege innlegg, diskusjonar og praktiske øvingar fekk deltakarane nye perspektiv på korleis me kan arbeide strategisk og langsiktig for utvikling i Sogn.
Etter å ha utforska innovasjon i etablerte verksemder på første samling, stod framtidstenking og forankring av utviklingsprosjekt i regionen på programmet under andre samling.
Anne Karin Hamre, direktør ved Vestlandsforsking, gav deltakarane ei grundig innføring i korleis regionale innovasjonssystem fungerer, og kor avgjerande desse er for verdiskaping og utvikling i distrikta. Ho peikte særleg på betydninga av samspel mellom næringsliv, forsking og offentleg sektor.
Martin Fodstad Stølen, forskar ved Høgskulen på Vestlandet og gründer av Fieldwork Robotics, delte erfaringar frå arbeidet med å byggje eit miljø for landbruksrobotikk i ei lita bygd ved fjorden. Presentasjonen synleggjorde korleis lokal kunnskap, pågangsmot og tett samarbeid kan gi store ringverknader.
Deltakarane fekk også jobbe saman rundt eit stort kart av Sognefjorden for å drøfte felles utfordringar og identifisere moglegheiter på tvers av kommunar og fagområde. Øvinga synleggjorde kor viktig det er å forstå regionen som ein heilskap, og kor mykje potensial som ligg i felles innsats.
Takk til Høgskulen på Vestlandet for godt vertskap og til Sogn Sparebank for verdifull støtte til Leiarforumet.
Les meir: Leiarforum 2025
Bilde frå samling 2:
(Klikk på bilda for stor visning)