Første samling i Leiarforum 2025 gjennomført i Vik
God regional utvikling skjer ikkje fordi éin leiar har ein god idé, eller fordi éi bedrift satsar stort. Det skjer når mange personar, verksemder og initiativ dreg i same retning.
Hausten og vinteren 2025/26 inviterer SognU40 til “Leiarforum 2025: Leiarskap for regional utvikling”, med fokus på leiing i og for Sogn. leiarar.
Første samling blei gjennomført på hovudkontoret til Sognekraft i Vik onsdag 1. oktober.
På første samling innleia Tore Frimanslund frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) om innovasjon i bedrifter og den krevjande balansen mellom kjerneverksemd og utviklingsprosjekt.
Berit Larsen i Sognekraft og Roger Ulvestad i Highsoft AS ga praktiske eksempel på korleis to ulike næringar med forankring i Vik jobbar med utviklingsprosjekt, ambisiøse visjonar og kultur for å prøve ut nye idéar.
God regional utvikling skjer ikkje fordi éin leiar har ein god idé, eller fordi éi bedrift satsar stort. Det skjer når mange personar, verksemder og initiativ dreg i same retning.
Takk til Sognekraft for godt vertskap, og til Sogn Sparebank for støtte til leiarforumet.
Bilde frå samling 1:
(Klikk på bilda for stor visning)