Godt engasjement under bedriftsbesøk på Leikanger
Visste du at heile 1/3 av statsbudsjettet blir utbetalt frå Leikanger? Tysdag 15. oktober reiste Sogn U40 på bedriftsbesøk hjå NAV Økonomiteneste.
Det blei ein kjekk kveld med nyttig innsikt, sosialt og nettverking. Takk til NAV Økonomiteneste for strålande vertskap, og til alle som var med oss på bedriftsbesøk!
Me starta med framifrå mat frå Leikanger Fjord Hotel før me fekk omvising på bygget.
Direktøren sjølv, Herdis Ulveseth, tok oss med inn i verda av leiarskap i praksis: Korleis leie over 100 tilsette med tillit, psykologisk tryggleik og dagleg utvikling av gode leiarar. Inspirerande!
Til slutt vart det teknisk smågodt frå Lars Røyrhus, som fortalde om korleis RPA-robotar i NAV ØT jobbar med økonomioppgåver med kirurgisk presisjon
Dette var moro! Me har stor tru på at slike bedriftsbesøk er vinn-vinn for både medlemmane og bedriftene.
Bilde frå ettermiddagen:
(Klikk på bilda for stor visning)