Leiarforum 2025:

Leiarskap for regional utvikling

Medan me ventar på Sognafest 2026, ønsker SognU40 velkommen til leiarforum om leiarskap i og av Sogn.

God regional utvikling skjer ikkje fordi éin leiar har ein god idé, eller fordi éi bedrift satsar stort. Det skjer når mange personar, verksemder og initiativ dreg i same retning.

Bli med på samlingsbasert leiarforum kor me møter leiarar som har fått til samarbeid på tvers av næringar og bygder i Sogn.

Kursinnhald

God regional utvikling skjer ikkje fordi éin leiar har ein god idé, eller fordi éi bedrift satsar stort. Det skjer når mange personar, verksemder og initiativ dreg i same retning.

Er det mogleg å vere ein god leiar i eiga verksemd og samstundes bidra til at regionen utviklar seg i ei felles retning? Korleis får me til det?

Me trur det skjer mykje bra når leiarar i regionen møtest og lærer av kvarandre. Gjennom felles læring og gode samtalar kan me utforske kva Sogn 2.0 skal vere. For å bli Sogn 2.0 treng me leiing, og me treng leiarar.

Hausten 2025 inviterer SognU40 til leiarforum med fokus på leiing i og for Sogn. Du får høyre inspirerande døme på god leiing i ulike organisasjonar, og ikkje minst lære korleis me kan jobbe meir saman her i Sogn. Dette gir deg nyttig innsikt i innovasjonsleiing, med ein smak av Sogn.

Forumet er basert på forsking om leiing for regional utvikling, og me bruker nøkkelpoeng frå artikkelen Trinity of change agency, regional development paths and opportunity spaces av Grillitsch og Sotarauta (2020).

Me møter leiarar som har fått til samarbeid på tvers av næringar og bygder i Sogn. Nokon har bygd næring på lokale ressursar, andre har lukkast med nye satsingar som ikkje nødvendigvis har røter her. Det som er felles, er at dei treng kvarandre for å skape og gripe moglegheiter.

Difor handlar ikkje dette forumet berre om å lære – men om å skape Sogn 2.0. saman.

Påmelding opnar snart!

Me jobbar med å spikre dei siste detaljane til eit fantastisk program, og tek sikte på å opne påmeldinga i slutten av august 2025.

Spørsmål, idear eller vil bidra? Ta kontakt på post@sognu40.no