Me er takknemlege for tilliten og støtta som dei friske midlane representerer.
Sogn U40 har nyleg motteke ei tildeling på 100.000 kr, noko som kjem utruleg godt med i alt arbeidet me skal gjere framover. Gåvemidlane kjem frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Styremedlem Marianne Pham og styreleiar Adrian Vigdal tok imot gåvesjekken. Foto: Stig Roger Eide
Tildelinga vert offisielt overrekt under eit arrangementet med skodespelar Aksel Hennie i regi av Sparebanken 1 Sogn og Fjordane. Totalt delte stiftinga ut 2.5 millionar kroner til gode formål i regionen vår.
Styreleiar Adrian Vigdal og styremedlem Marianne Pham var tilstades for å ta imot bidraget.
Sogn U40 skal bruke midlane til å skape fagleg og sosial verdi for medlemmane våre. Me skal framheve inspirerande historier frå gründarar, leiarar og eldsjeler i regionen, og gler oss til å arrangere mange innhaldsrike arrangement framover.
Me takkar for bidraget!