Sesongens første heimekamp for Sogndal samla Sogn U40
Laurdag 11. april var det duka for sesongens første heimekamp for Sogndal Fotball. Ein god gjeng frå U40 tok turen til Fosshaugane Campus for ein dag fylt med fotball, nettverksbygging, gode historier frå sentrale personar rundt klubben, og ikkje minst god mat frå Pota Madre.
God kok på tribuna blant U40 gjengen!
Foto: Frida Bekkestad
Vi møttest på Skroal pub for å mingle med andre U40-medlemmer og for å høyra trenarane til Sogndal og Lyn gi nokre siste taktiske analysar før kampstart.
Deretter gjekk turen vidare til eigen losje der deltakarane fekk høyre eit spennande innlegg frå Ingrid Narum, konstituert dagleg leiar i Sogndal Fotball, om kva Sogndal Fotball betyr for bygda og kva framtidsutsiktene er for klubben. Jon Navarsete ga oss nostalgiske glimt frå klubbens rike historie, og det vart gjennomført nokre konkurransar som ei opplading til kampen.
Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Ingrid Narum.
Tore André Flo med ein debrief etter kamp.
Sjølv om Sogndal sitt spel ikkje varma denne vårdagen, så fekk SognU40-deltakarane att varmen med nydeleg mat frå Pota Madre etter kampslutt. Her fekk vi også servert ein kampanalyse av sjølvaste Tore André Flo som ein fin avrunding på ein engasjerande fotballdag!
Alle bilder: Frida Bekkestad