Sauna, stamp og gode samtalar: Bedriftsbesøk på Nes Gard i Luster
Vårsol, frisk luft, inspirerande historier og varme bad gjorde bedriftsbesøket til Nes Gard til ein kveld me kjem til å hugse.
Her fekk me både fagleg påfyll, nye relasjonar og ekte vårstemning ved fjorden.
Onsdag 6. mai samla Sogn U40 ein flott gjeng til bedriftsbesøk på Nes Gard i vakre Luster.
Drivaren Anders Månum gav oss eit inspirerande innblikk i korleis garden har utvikla seg frå tradisjonelt familielandbruk til ei moderne opplevingsverksemd med satsingar som Basecamp Sognefjord, workation og guida opplevingar i naturen.
Kvelden baud på gode samtalar, nettverksbygging og sosialt samvær i heilt unike omgjevnader. Etter det faglege samla me oss på brygga med sauna, stamp (og fjordbad på nokre av oss!) før me avslutta med ein herleg, heimelaga middag i naustet.
Tusen takk til Nes Gard for ein varm velkomst! Me gler oss allereie til neste arrangement, så det er berre til å følgje med i arrangementskalenderen vår.
Sjå video frå dagen:
Sjå bilde frå dagen:
Klikk på bilda for stor visning.