Ein kveld med røvarhistorier, latter og inspirasjon

Etter fjorårets suksess inviterte vi på nytt til “Pub & Røvarhistorier”. Ein uformell møteplass med historier, erfaringar og gode samtalar i sentrum.

Kvelden fann stad på Det gule huset i Sogndal. Kjetil Russenes delte historier frå eit liv fylt av idéar og skaparglede. Mange kjenner han som drivkrafta bak Sognefjord Kaffibrenneri og Det gule huset, og han delte glimt frå reisa si som både inspirerte og underheldt. I ein energisk presentasjon i PechaKucha-stil fekk vi eit raskt og engasjerande innblikk i alt frå kaffi og kaffibrenneri til badstudrift, pitchekonkurranse og kafédrift.

Tom Dyrdal ga oss vidare eit spennande innblikk i si leiarerfaring og utviklinga av Avery Dennison NTP i Gaupne. Med ærlege refleksjonar delte han lærdommar og artige historier frå si leiartid med endring og utvikling.

Det vart både latter og inspirasjon og nye perspektiv. I tillegg til deilig ostefat og noko godt i glaset, vart det ein sosial kveld der der medlemmane fekk tid til å slå av ein prat og bygge nettverk.

Tusen takk til Tom, Kjetil og alle som tok turen! Vi gler oss allereie til neste gong!

Neste
Neste

Live-podcast “Klart du kan” inspirerte!