Vinsmaking og røvarhistoriar på Leikanger

Visste du at dersom du reiser med Hurtigruta kan du drikke vin frå Leikanger? Det og mykje meir fekk me høyre om på Vinsmaking og røvarhistoriar i samarbeid med Årets Vinbonde 2026.

Kvelden starta ute på druebøen, der me fekk bli betre kjende med Husabø Vingard og historia bak den lokale vinproduksjonen. Årets Vinbonde 2026, Jon Husabø, fortalde engasjert om vineventyret på Leikanger. På grunn av regnvêret trekte me etterkvart inn på Leikanger Fjordhotell, der me fekk smake på tre ulike vinar frå vingarden.

Her var det ikkje berre vin som stod på menyen. Roar Werner Vangsnes delte spennande historier og røvarhistorier frå Leikanger og næringslivet i bygda. Det blei både latter, gode samtalar og ny kunnskap om kva som rører seg i lokalsamfunnet. Til og med eit musikalsk innslag!

Tusen takk til Husabø Vingard for at de tok oss så godt imot, Leikanger Fjordhotell for at de stilte med lokale i regnvêret, og Roar Werner Vangsnes for spennande historier!

Og ikkje minst, takk til alle som blei med og gjorde dette til ein kjekk kveld!

Neste
Neste

Kreativ og sosial kveld på Rockethouse