Frå idé til vekst: Ein inspirerande start på Leiarforum 2026

Onsdag 30. september gjekk startskotet for eit nytt kull i Leiarforum! Den første samlinga fann stad i Sogndal, der deltakarane fekk fagleg påfyll, inspirasjon og høve til å dele erfaringar med andre leiarar i regionen.

Tema for samlinga var innovasjon og vekst, med fokus på korleis ein som leiar kan leggje til rette for å utvikle og setje nye idear ut i livet.

Jarle Bastesen frå Høgskulen Kristiania innleia samlinga med å dele kunnskap om korleis verksemder kan lukkast med vekst, og korleis ein kan arbeide med innovasjonsprosessar.

Vidare fekk deltakarane høyre frå Roger Ulvestad, Innovation Lead i Highsoft, som gav innblikk i korleis selskapet arbeider målretta med innovasjon, og korleis dette er ein sentral del av vekststrategien deira.

Martin F. Stølen frå Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet delte erfaringar frå si eiga gründerreise med utviklinga av spin-off-selskapet Fieldwork Robotics Ltd. Han fortalde om både moglegheitene og utfordringane han har møtt undervegs.

Samlinga ga gode perspektiv og inspirasjon for korleis deltakarane kan arbeide vidare med innovasjon i eigne verksemder.

Takk til alle føredragshaldarane og deltakarane for ei lærerik første samling! Me gler oss til å samle gjengen igjen i november.

Neste
Neste

Vinsmaking og røvarhistoriar på Leikanger