Kreativ og sosial kveld på Rockethouse
Torsdag fekk me bli med inn og sjå kva som skjer bak dørene på Rockethouse. Me fekk me omvisning og spennande presentasjonar frå Egil Mundal i Rocketfarm AS og Jørgen Tistel i Highsoft AS.
Til slutt var det vår tur. I grupper fekk deltakarane bryne seg på ekte utfordringar presentert frå bedriftene. Det blei idémyldring, gode diskusjonar, kreative løysingar og pitching.
Kvelden blei runda av med pizza, premie til vinnarlaget og tid til å bli betre kjent.
Tusen takk til Rockethouse, Rocketfarm og Highsoft for ein skikkeleg kjekk kveld, og til alle som blei med. De leverte!
Omvisning på Rockethouse.