Live-podcast “Klart du kan” inspirerte!

Den 26. februar arrangerte vi ei inspirerande live-innspeling av Klart du kan! i Sogndal. Karianne Hartviksen og Hege Janson Skogen står bak podcasten som handlar om korleis vi kan ta meir styring over eige arbeidsliv. Dei haldt ei livesending med U40 som publikum.

Kvelden sette fokus på korleis vi kan utvikle oss der vi er, eller utforske nye moglegheiter. Gjennom ærlege refleksjonar og konkrete råd delte dei korleis vi kan bli meir medvitne om eigne styrkar, prioritere det som betyr mest, og ta ansvar for eiga utvikling.

Blant temaa som vart løfta fram var:

  • Kva vi eigentleg vil, og kva vi brukar tida vår på

  • Å frigjere seg frå eigne avgrensingar

  • Korleis små justeringar over tid kan gi store endringar

  • Verdien av å synleggjere eigen kompetanse og innsats

Kvelden ga både refleksjon, inspirasjon og nyttige verktøy, samt ei viktig påminning:
Klart du kan!

Forrige
Forrige

Ein kveld med røvarhistorier, latter og inspirasjon

Neste
Neste

Ein kveld med planar, påfyll og pizza