Ein smakful lunsj hjå Bøtun Gard

Laurdag 15. august inviterte Sogn U40 til ein sosial og smakfull ettermiddag hjå Bøtun Gard i Luster.

Lokalmat rett frå hagen

Besøket starta rundt langbordet, der me fekk servert «Ordførarens salat» med nyhausta salat rett frå hagen, heimelaga surdeigsbrød og ost frå Larsagarden i Skjolden. Måltidet blei runda av med ein nydeleg dessert.

Med andre ord: kortreist mat på sitt beste!

Historia bak Bøtun

Etter lunsjen fekk me høyre Martin fortelje om historia bak Bøtun og korleis dei har bygd opp garden og marknadshagen.

Deretter tok dei oss med ut i hagen, der me fekk sjå kvar mykje av maten me nettopp hadde ete, faktisk kjem frå. Me fekk også lære meir om korleis dei dyrkar, utviklar og driv Bøtun.

Det blei ein inspirerande ettermiddag med gode samtalar, lokalmat og hyggelege folk, akkurat slik me likar det i Sogn U40.

Tusen takk til Mathilde og Martin for at me fekk kome på besøk, og til alle som blei med og gjorde det til ein skikkeleg fin laurdag.

Martin tar oss med gjennom hagen.

Nydeleg salat, servert med heimelage surdeigsbrød og lokal ost frå Skjolden.




Neste
Neste

Sommarfest med smak av Sogn