Sommarfest med smak av Sogn
13.juni samla vi nettverket til ein triveleg sommarkveld hjå Ølmheim Siderhage. Sjølv om vêret ikkje heilt leverte sommarstemninga me hadde håpa på, sette det ingen dempar på arrangementet. Kvelden ga oss gode samtalar, nye bekjennskap, god steinovnspizza og nydeleg lokal sider i vakre omgjevnader… og til og med ein båttur!
Smiiil! Bilder: Frida Bekkestad.
Ettermiddagen starta med fjordcruise frå Sogndal. Med FjordX gjekk ferda innom Barsnes og Eidet før me sette kursen mot Ølmheim. Her vart me tekne godt imot av Sigrid og Endre, som driv Ølmheim Siderhage. Med gode smakar i glaset tok dei oss med på ein omvisning i siderhagen og ga oss eit innblikk i produksjonen.
Sider frå Sogn fekk tidlegare i år beskyttet betegnelse (hurra!). Med dette som bakteppe var temaet for kvelden «Sider frå Sogn: historia bak suksessen». Åge frå Balholm i Balestrand tok også turen, og ga oss også eit innblikk i sidernæringa i Sogn, og korleis Balholm no jobbar med gjenvinning og bruk av heile eplet.
Etter omvisning hjå sidehagen, og det faglege innslaget vart det god tid til nettverksbygging over nydeleg mat, gode smakar i glaset, kubb og quiz. Det var utruleg kjekt å sjå både nye og kjende fjes på sommarfesten.
Hos Sogn U40 møtest unge frå ulike bransjar og bygder, men med eit felles ønske om å bli kjende, utvikle seg og ha det kjekt. Me vil skape eit sterkt, sosialt og inspirerande nettverk for unge i regionen - og sommerfesten er intet unntak.
Ein, to, tre, kast!
No tek me ferie, men me ser allereie fram til å samlast att i august. Følg med på arrangementskalenderen vår og hald av datoane utover hausten.
Takk for en utruleg kjekk sommarfest. God sommar frå alle oss i Sogn U40, så sjast me etter sommaren!