Frukost, fag og framtidstru på Sognasmart
Fjorårets nestleiar i Sogn U40, Henrik Skyttermoen, var konferansier under Sognasmart 2026.
Før Sognasmart samla Sogn U40 medlemmane til hotellfrukost, før konferansedagen baud på sterke innlegg og fleire kjende U40-fjes på scena.
Onsdag samla Sognasmart 2026 folk frå næringsliv, offentleg sektor og utdanning til ein innhaldsrik konferansedag på Quality Hotel Sogndal. Det heile blir initiert av Sognaklynga.
Før programmet starta inviterte Sogn U40 medlemmane sine til ein sosial hotellfrukost, med god mat, mingling og ein kjekk start på dagen.
Mange frå U40 deltok på konferansen, både blant publikum og på scena. Det var ekstra stas å sjå fleire tidlegare styremedlemmer i sentrale roller gjennom dagen.
Fjorårets nestleiar Henrik Skyttermoen var konferansier, medan tidlegare leiar Line Bjelde leia delar av programmet og panelsamtale. Tidlegare styremedlem Kristin Myhra Sæterdal heldt innlegg om klimarekneskap i Nav økonomiteneste, der ho også trekte fram U40 sitt Leiarforum frå i fjor haust. (Psst - det kan vere me jobbar med ei gjentaking i kulissene altså!)
Sognasmart er ein viktig møteplass for alle som vil noko med regionen vår, og me i U40 er stolte av å kunne samle medlemmane våre til både nettverksbygging og fagleg påfyll.
Tusen takk til Sognaklynga for eit inspirerande arrangement!