Nye kjennskap på årets sommarfest

Laurdag 14. juni samla me eventyrlystne medlemmar til ein uforgløymeleg sommarfest i Luster, med tema “Der ingen skulle tru at nokon kunne… ha sommarfest!”.

Allereie då deltakarane møttest på Sogndal Skysstasjon på føremiddagen kunne ein merke den gode stemninga. Både nye og kjende fjes møtte opp, klare for ei oppleving utanom det vanlege.

Og det blei det verkeleg, frå buss og ferje til vandring i vakkert fjordlandskap, heilt fram til den spektakulære destinasjonen: Kroken Gard i Luster, heimen til sjølvaste Benjamin Ward frå NRK-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu."

Det blei ein fantastisk dag i godt lag, og ekstra kjekt var det at me kunne ønskje fleire nye medlemmar velkomne til nettverket vårt.

Dagen blei virkeleg eit godt døme på kva Sogn U40 handlar om: å skape eit sterkt, sosialt og inspirerande nettverk for unge i regionen. Hos oss møtest folk frå ulike bransjar og bygder, med same engasjement for å bli kjend, utvikle seg og ha det gøy saman.

Takk for ein utruleg kjekk sommarfest!

Sjå video frå sommarfesten 2025:

Bildegalleri:

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Neste
Neste

Friske middel til Sogn U40 frå to lokale bankar