Friske middel til Sogn U40 frå to lokale bankar

To lokale bankar har gjeve generøse tildelingar til arbeidet vårt. Me er utruleg takknemlege for tilliten og støtta som desse midla representerer.

Sogn U40 har nyleg motteke to generøse tildelingar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og Sparebanken Norge. Begge bidraga er på rause 150.000 kr, som kjem utruleg godt med i alt arbeidet me skal gjere framover.

Den siste tildelinga vart offisielt overrekt under arrangementet Sognasmart i Sogndal, som vart arrangert av Sognaklynga 21. mai 2025.

Styremedlem Kristin Myhra Sæterdal tok imot bidraget på scena og nytta høvet til å seie nokre ord som oppsummerer betydinga av desse gåvene:

– Me har så mange idear og prosjekt me ønskjer å realisere i U40, og denne stønaden gjer det mogleg å verkeleg setje planane ut i livet. Dette betyr mykje – tusen takk!

Kristin Myhra Sæterdal tok imot sjekken frå Sparebanken Norge under Sognasmart 2025. Foto: C&C Media.

Med årets tema, Kjennskap og utvikling, vil me bruke midlane til å skape fagleg og sosial verdi for medlemmane våre. Me skal framheve inspirerande historier frå gründarar, leiarar og eldsjeler i regionen, og gler oss til å arrangere mange innhaldsrike arrangement framover.

Det nyaste arrangementet fann stad denne veka, med medlemsfrukost før Sognasmart. Neste blir ein heidundrande sommarfest som me ser stort fram til.

Me gler oss til å skape fleire møteplassar og erfaringar for unge og ambisiøse i Sogn i 2025, og takkar for dei rause bidraga til arbeidet vårt.

Klikk på bilda for stor visning:

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Neste
Neste

Med Sogndal Fotball bak kulissane