Årsgilde og leiarskap

Andrea Fardal Opseth (leiar) og Sigrid Alice Hovland (nestleiar)

Da var årets første arrangement gjennomført! Me starta ettermiddagen med Årsmøte og styret i SognU40 ga eit tilbakeblikk på året som har gått og årsrekneskapet. Det blei presentert strategi og budsjett for 2024, samt valgt nytt styre.

Andrea Fardal Opseth blei vald til leiar og Sigrid Alice Hovland blei vald som nestleiar. Me hadde fire avtroppande styremedlemmar. Tusen takk for innsatsen til Erlend Fardal Lunde, Line Bjelde, Kjersti Røysum Petty og Ragnhild Skahjem Tofastrud. De har gjort ein strålande innsats med å starte og forme Sogn U40 fram til i dag!

Me ønska også velkommen dei fire nye styremedlemmane, Juan Pablo Montoya Urdaneta, Hilde Instefjord, Henrik Skyttermoen og Kristin Myhra Sæterdal. Me ser fram mot eit innhaldsrikt år med ny innsikt for å fortsette å gjera Sogn U40 til eit godt tilbod for medlemmane våre.

Etter den formelle delen gjekk me over på tema for året som er “Leiarskap”. Me var heldige og fekk med oss Tore Andrè Flo frå Sogndal Fotball og Nikolaj Trautner frå Sogndal Kommune. Dei fortalde om leiarskap frå sine perspektiv og område. Med mange gode poeng frå innleggarane og fleire gode spørsmål frå salen blei dette eit flott første arrangement som gjekk langt over oppsatt tid!

No ser me fram mot neste samling på Leikanger 7. mars, “Digitaliseringshovudstaden og DigDir”. Her får me høyre om DigDir i framtida og DigDir om leiing. Meir informasjon om programmet og påmelding kjem, følg med på arrangementsida vår og på Facebook. Me håpar mange blir med!

Forrige
Forrige

TOHENDIGHEIT: INNOVASJON OG ENDRINGSLEIING

Neste
Neste

Julehelsing frå styret, Sogn U40