Vedtektene våre

§1 Foreininga sitt namn
Foreininga sitt namn er Sogn U40

§2 Føremål
Foreininga har fylgjande føremål:

Sogn U40 er eit tverrfagleg nettverk av ambisiøse, unge og profesjonelle som vil vera med å bygga framtida i regionen. Sogn U40 skal bidra til og leggja til rette for utvikling av unge leiarar og andre unge ambisiøse og profesjonelle i og rundt kommunane Sogndal, Luster, Lærdal, Årdal, Aurland, og Vik. Nettverket rettar seg mot både private og offentlege verksemder.


Med eit høgt aktivitetsnivå og godt fagleg innhald skal Sogn U40 auka kunnskapen og kompetansen til dei under 40 år i næringslivet. Sogn U40 skal på faste møteplassar skapa tverrfagleg idémyldring og inspirasjon, samstundes auka relasjonsbygginga mellom «ung og fersk» og «erfaren» i næringslivet. Medlemane i Sogn U40 skal ha ein mentalitet bygd på å snakka fram kvarandre for å sikra kontinuerleg tilførsel av nye leiarar og andre kapasitetar til det lokale næringslivet.
Føremålet skal nås gjennom fylgjande aktivitetar:

-    Møteplassar med  godt fagleg innhald gjennom kalenderåret
-    Sosiale møteplassar med moglegheit for nettverkbygging
-    Spele på det lokale næringslivet for å auke kunnskap og kjennskap
-    Vidareformidle informasjon om relevante kurs og læringsarenaer
-    Etablere stipend og prisar som t.d. «Årets unge leiar» og «Årets unge entreprenør»
-    Vere pådrivar for å forsøkte etablere mentorordning, og hospitantplassar i lokale styrer.

Foreininga omtalar seg sjølv som eit Nettverk.

§3 Organisasjonsform
Foreininga er ein frittståande juridisk person med medlemar og er sjølveigande. At den er sjølveigande inneberer at ingen, verken medlemar eller andre, har krav på foreininga si formue eller eigedeler, eller er ansvarleg for gjeld eller andre forpliktingar.

Sogn U40 ønskjer eit tett samarbeid med andre næringsforeiningar i Sogn slik at medlemsbedrifter i desse foreiningane kan få rabatt for personlege medlemsskap til sine tilsette.

§4 Medlemar

Foreininga er opne for alle under 40 år som har ein posisjon i næringsliv eller det offentlege i regionen Sogn. Foreininga rettar seg i hovudsak mot ambisiøse, unge og profesjonelle som vil vera med å bygga framtida i regionen.

$5 Rettar og pliktar knytt til medlemsskap

Alle medlemar har rett til å delta på årsmøte, har stemmerett og er valbare til tillitsverv i foreininga. Medlemar som skuldar kontingent for meir enn eit år, har ikkje stemmerett eller andre rettar, og styret kan stryke dei som medlem av foreininga.

Medlemane pliktar å forholda seg til vedtak som er fatta av årsmøtet.

§6 Årsmøte
Årsmøtet, som skal haldast kvart år, er foreininga sitt høgaste mynde. Årsmøtet er vedtaksført med det tal personar med stemmerett som møter, og alle medlemar har ei stemme.

Med mindre anna er bestemt, skal eit vedtak, for å vera gyldig, vera treft med alminneleg fleirtal av dei gitte stemmer.

Årsmøtet vert innkalla av styret med minst ein månads varsel, direkte til medlemane eller ved kunngjering i pressa. Forslag som skal handsamast på årsmøtet skal vera sendt til Styret seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig saksliste må vera tilgjengeleg for medlemane seinaste ei veke før årsmøtet.

Årsmøtet kan ikkje handsama forslag som ikkje er ført opp på saksliste, med mindre ¾ av dei frammøtte krev det.

§7 Årsmøtets oppgåver
Årsmøtet skal

  • Handsama årsmelding

  • Handsama rekneskapen

  • Handsama innkomne forslag

  • Fastsetja kontingent

  • Vedta budsjett

  • Velja

    • Leiar

    • Nestleiar

    • Styremedlemar

§8 Ekstraordinære årsmøter
Ekstraordinære årsmøter vert avholdt når styret avgjer det, eller minst 1/3 av medlemane krev det. Innkalling skjer på same måte som for ordinære årsmøter, med minst 14 dagars varsel. Ekstraordinært årsmøte kan berre handsama og ta avgjersler i dei sakene som er kunngjort i innkallinga.

§9 Styret

Foreininga  sitt styre skal ha mellom 9 og 12 medlemar. Styret si samansetjing skal ha fokus på geografi, kompetanse, bransje og kjønn.

Styret skal i samsvar med §7 veljast av Årsmøte. Som hovudregel skal halvparten av Styret sine medlemar veljast for 2 år og den andre halvparten for 1 år. For å sikre kontinuitet skal verva som Leiar og Nestleiar vera på val det same året, men annakvart år.

Styret har fullmakt til å gjera endringar i Styret mellom årsmøta. Denne fullmakta er gitt slik at Styret kan erstatta eventuelle styremedlemar som av personlege eller jobbmessige årsaker må trekkja seg før vervet er fullført. I slike tilfelle har Styret informasjonsplikt om prosessen, men nye styremedlemar skal, til tross for at dei går inn i utgåande styremedlem sin resterande periode, alltid vera på val på neste Årsmøte.

Sogn Næring skal disponere 1 styreplass. Dersom Sogn Næring ikkje har tilsette under 40 år kan dei sjølv peika ut sin eigen representant.

Styret er høgste mynde mellom årsmøta. Styret utarbeidar ein årleg møtekalendar med utgangspunkt i eitt styremøte kvar månad, utover dette skal Styret halda møte når styreleiar eller eit fleirtal av styremedlemane forlangar dette. Styrets medlemar har fri kontingent det/dei år(a) vedkomande sit i styret.

Styret skal:
-    Setja i verk vedtak frå årsmøtet
-    Utnemna eventuelle komitear, utval eller personar som skal gjera spesielle oppgåver, og utarbeida instruks for desse
-    Administrera og føre nødvendig kontroll med foreininga sin økonomi i samsvar med gjeldande instruksar og avgjersler.
-    Planlegge og gjennomføre arrangement.
-    Representera foreininga
-    Syte for rekruttering til foreininga

Styret kan fatta vedtak når eit fleirtal av styrets medlemar er tilstade. Vedtak vert fatta med fleirtal av dei gitte stemmer. Styreleiar har dobbeltstemme når styrets medlemar som er tilstade er partal.

Utover dei forventa oppgåvene eit styre har, kan Styret utbetale honorar time for time til prosjektleiing og drift av foreininga. Styret kan også utkontraktere oppgåver til andre, som til dømes rekneskap. Slikt honorar skal som hovudregel vere finansiert og budsjettert av eksterne tilskot eller gåver.

Forventa oppgåver vert dekka gjennom gratis kontingent for Styret sine medlemar. Her under deltaking på interne møter og gjennomføring av arrangement.

§10 Valnemnd
Styret utpeikar kvar haust ei valnemnd som skal leggja fram innstilling til styremedlemar for det komande året. Valnemnda går ut frå medlemane i Styret og skal ha frå 3 til 5 medlemar. Som hovudregel skal Leiar delta i arbeidet, saman med utgåande styremedlemar. Valnemnda sitt arbeid blir å hente inn potensielle kandidatar og foreta intervju og avklaringar før innstilling.

§11 Signaturrett

Styreleiar har signaturrett aleine.
Nestleiar og 1 styremedlem har signaturrett i fellesskap.

§12 Vedtaksendring

Endring av desse vedtekter kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore på saksliste. Det krev 2/3 fleirtal av dei gitte stemmer.

§13 Oppløysing

Oppløysing av foreininga kan berre handsamast på årsmøtet og krev 2/3 fleirtal.
Foreininga si formue skal etter oppløysing og gjeldsavlegging tilfalla det formål foreininga arbeidar for å fremma, ved at nettoformuen vert satt i eit øyremerka fond som skal forvaltast av Sogn Næring.

Ingen medlemar har krav på foreininga sine midlar eller ein del av desse.