I couldn`t help but wonder, er eg kanskje litt ambisiøs likevel?

Foto: Falkeblikk AS

Hei, eg heiter Hilde, og eg er ung og ambisiøs.   

Ja, her sit vi, ein gjeng unge og ambisiøse og profesjonelle individ med heile livet framfor oss, eller halve livet - ein passeleg del av livet framfor oss. Unge og ambisiøse og profesjonelle. Heile gjengen.  

Eg må sei, at før eg melde meg inn, så måtte eg gå noken runda med meg sjølv. Eg var liksom ikkje heilt sikker på om eg var ambisiøs nok. Eg var iallefall ung nok, heldigvis. Det var liksom litt sånn mattesvar. Enten rett eller feil. Men ambisiøs, det føles litt meir som eit diktanalyse-svar. Og eg tenker at det er kanskje rom for å analysere dette kriteriet for medlemskapet vårt littegrann. Ein kvar talar utan respekt for seg sjølv les opp definisjonar fra internettet i talen sin, og eg er intet unntak. 

Eg har slått opp Ambisiøs. Det beskriver altså “en person som setter seg høye mål og arbeider hardt for å nå dem”.  

Og berre for å starte ein plass, begynna eg med å ta vekk adjektiva i definisjonen.  Litt sånn ta vekk X-ane i reknestykket? Då handlar ambisiøst om å sette seg mål og jobbe for å nå dei. Ikkje nødvendigvis so høge mål, og ikkje nødvendigvis jobbe so hardt.  

På det tidspunktet der eg skulle melde meg inn, var eg faktisk på leit etter ny jobb fordi eg var blitt mor og eg hadde eigentleg ikkje tid til å være ambisiøs. Og i tillegg er eg jo i ferd med å faktisk nærme meg 40, og har begynt å lure litt på kva som ventar i “over 40”-boksen. Eg såg eigentleg for meg at etter 40 kunne eg legge alle draumane om den eg trudde eg skulle bli, oppi eit skrin for godt, og omfamne livet, heilt innafor boksen, berre samankrølla i ein deilige tilværelsen fylt til randen med komfort. Følelsen av ambisiøsitet var med andre ord på en høydare av lavmål.

So eg slutta i Highsoft der vi køyrte sjølvkøyrande bilar til jobb, åt 3D printa mat i kantina og spelte golf med techgigantane i lunsjen - for å begynne i fylkeskommunen, ein høveleg plass for ei aldrande uambisiøs dame, tenkte eg. 

Og for å spinne tilbake til ambisiøs , so hadde eg sett meg eit mål og gjort noko greier for å nå det.   

No jobbar eg med å ivareta personvernet til våre 6000 tilsette og 20 000 elevar og mange pasientar i tannhelsa. Viss eg drite meg ut der liksom, nei - i retrospekt innser eg at sjølv om eg kanskje ikkje har skreve måla mine ned på eit silkepapir eller ønska meg det når eg ser stjerneskudd, so jobbar eg hardt for å være god, eg vil yte meir enn det som er forventa av meg, eg vil levere kvalitet og generelt vere ein ressurs i samfunnet eg er del av. 

Det fekk meg til å tenke. I couldn’t help but wonder: er eg kanskje litt ambisiøs likevel?  I ordets rette forstand? Med adjektiva og alt? Det står ingenting i definisjonen om at måla ein sette seg må være konkrete, hårete eller at dei skal føre deg inn i ledelse. 

For da e jo ikkje kva du gjere, men korleis du gjere da som er avgjerande. Det er ikkje kvar du jobba, men korleis du jobbar. Det er ikkje kva tittel du har, men kva du bruka den til. Det handla ikkje om kor mange gangar du er i Sogn Avis, Erlend Fardal Lunde, men om å jobbe hardt for å fylle den plassen du har i samfunnet. Og det syns eg høyrest ganske ambisiøst ut.  

Eg syns at kvar og ein av oss, kan gi seg sjølv, og sidemannen ein klapp å skuldra for å tørre å stå fram som ung og ambisiøs, og at vi fyller våre respektive plassar i samfunnet med klokskap og stoltheit. 

Vi er gode til å heie på kvarandre og framsnakke, og eg har aldri før opplevd at det er så lett å komme i prat med nokon. Aldri før har eg gleda meg so masse til bedriftsbesøk. Aldri før har eg kosa meg so masse med folk eg aldri har møtt før!  

Ein stor skål til alle oss som har hjelpt meg og andre til å oppleve meistring, samhald, latter og song! 

Takk for dytten!! 

Medlemstale ved Hilde Instefjord på årets julebord for U40.

Forrige
Forrige

Julehelsing frå styret, Sogn U40

Neste
Neste

Årets SognaSpire 2023 er kåra